Kraftlaget
Historiar frå tilsette i Suldal kommune.
Episodes

5 days ago
5 days ago
1hr 3 min
Korleis er det å flytta heim igjen? Kva skal til for at fleire flyttar til Suldal? Og kva er det eigentleg å finna på uti grendene?
Me har snakka med Anna og Magnhild om korleis deira oppleving har vore etter å flytta heim att til Suldal. Dei har begge studert og jobba vekke, og fortel om kva som er godt med å flytte heim att, og kva som kunne vore betre.
I påsken, under messa RyRekrutt, var Magnhild utegåande reporter og kom i prat med fleire Ryfylkeungdommar. Her var dei mange ulike meiningar om det å flytte til distriktet.

Jun 3, 2026
Jun 3, 2026
33 min
Kraftlaget er tilbake med ny episode! Denne gongen møter me Tone Mari Sand og Åshild Vetrhus frå prosjektgruppa for Syngande kommune i Suldal.
Dei neste åra skal dei arbeida for å ta allsongen tilbake i kommunen, med eit mål om at fleire skal våga å bruka stemmen dei har. For det skjer noko med oss når me syng saman. Song har til alle tider samla oss – i glede, sorg og kamp.
Men har me vorte for vane med å bli underhaldne, i staden for å delta sjølve? Har me mista litt av songen som bur i kvar enkelt av oss?

Apr 1, 2026
Apr 1, 2026
36 min
I denne episoden møter me Eir Seljen Høydal, reisande musikklærar i Suldal. Eir brenn for kultur på ein jordnær, men samtidig energisk måte. Kultur opnar opp for sider i oss som ikkje nødvendigvis andre ting gjer på same måte, seier ho.
Dette er ein samtale om fellesskap, kva kulturelle opplevingar gjer med oss, og det å skapa rom for nye uttrykk, saman og åleine.

Feb 4, 2026
Feb 4, 2026
13 min
Er du nysgjerrig på kva det eigentleg vil seia å vere einingsleiar ved ein heilt ny og moderne sjukeheim? I denne korte podkastepisoden får du eit innblikk i både rolla, kvardagen og moglegheitene som ventar hos oss i Suldal kommune. Me skal rekruttera ein ny einingsleiar til Suldal sjukeheim.
I studio møter du:
Svein Carlos Gjil, kommunalsjef for helse og oppvekst – om leiarskap og vidare utvikling.
Elin Mikkelsen Bakka, rådgjevar og del av byggeprosjektet – som tek deg med inn i historia bak det nye sjukeheimsbygget som stod klart i mai 2025.
Lisebeth Gjøse, konsulent og fagperson på velferdsteknologi – som forklarer korleis sjukeheimen er rigga med smarte, trygge og framtidsretta teknologiløysingar som støttar omsorga og gjer arbeidskvardagen enklare.
Episoden er perfekt for deg som vurderer å søkje, eller som berre vil få eit innblikk inn i tankane rundt Suldal sjukeheim.

Jan 23, 2026
Jan 23, 2026
35 min
Kva skal til for at dei tilsette i Suldal kommune kjenner seg sett, høyrt og verdsett – i kvardagen, i endringar og når ting er krevjande?
I denne episoden møter me tre som kjenner arbeidskvardagen frå innsida, og som står tett på både tilsette og leiarar:
Anne Tove Lillehammer, hovudtillitsvald for Fagforbundet
Lise Renate Tistel, hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet
Kirsti Skogen, hovudverneombod

Oct 24, 2025
Oct 24, 2025
37 min
Kva skjer når ein leiar vågar å vise både styrke og sårbarheit?I denne episoden av Kraftlaget møter me Anne Birkeland, leiar i Nav Suldal. Ho snakkar ærleg om leiarskap, psykologisk tryggleik, og om korleis det å skape rom for feil faktisk byggjer både læring og lojalitet.Me snakkar om kvardagen slik den eigentleg er: dei dagane du ikkje har dagen, om å stille opp for kvarandre, og om kvifor det å ha ein jobb å gå til betyr mykje meir enn berre lønn.

Jul 11, 2025
Jul 11, 2025
34 min
Sommaren har kome til Kraftlaget!I denne episoden av Kraftlaget har me slått oss laus med ekte sumarstemning – og du er invitert med!Me har vore på Sumarvibbar, sommarfesten for sommervikarar og lærlingar, og fått gode samtalar med:Dawud Ibrahim, lærling i Sand barnehageOda Sandvik Hoftun, sjukepleiarstudent og sommervikar ved sjukeheimen– Dei har mykje klokt å sei om korleis det er å vera ny i kommunen vår, og korleis me kan bli endå betre til å ta vare på sommarfolka våre!Me har også stil nokon sommarlette spørsmål til folk på kommunehuset:Turid, Anita, Nina og Svein Carlos deler både sommarplanar og tankar om arbeid og organisasjon. Her får du alt frå hengekøye og paraglidar til refleksjonar rundt arbeid med barnehage- og skulebruksplan!

Jun 5, 2025
Jun 5, 2025
28 min
Kven er ho, vår nye kommunedirektør? Etter berre éi veke i jobben deler Siri Halvorsen sine første inntrykk, kvifor ho vil vere tett på organisasjonen, og kvifor eit godt arbeidsmiljø og open dialog er viktigare enn nokon gong.

May 7, 2025
May 7, 2025
46 min
Elisabeth reiser med "eg reiser åleine-skilt" for å møte leirskuleheltane på Gullingen leirskule.

Apr 14, 2025



